Bondepsykologi på Jæren

Det kan vera mykje god mental helse i det jærske bonde­vitet, om det blir brukt riktig. Har me alle noko å lære av eit sunt bondevit?

Steingardane står som gamle fornminne utover Jæren og skil gardar og teigar frå kvarandre. Dei vitnar og om det tunge arbeidet bøndene har lagt i det jærske landskapet. Dei har aldri hatt det lett, jærbøndene, for det har vore tungt å drive jordbruk her.

Frå gamalt av var det seige lyngheier med blaut og vasskald jord som måtte drenerast, før ein kunne spa dei om, skilja stein frå mold, og så dyrka opp nokre flekkar til korn, potet, nepe eller gras. Men jærbuen har stått på og fått arbeidet gjort. Kvart år, kvar dag, heile året gjaldt det om å koma seg tidleg opp og få noko ut av dagen. Slik forma dei landet, og slik har det vore i uminnelege tider.

Diktaren Arne Garborg beskreiv jærbuen på dette viset, i romanen «Fred»: «Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjennom livet med gruvling og slit, putlar med jordi og granskar skrifti, piner korn av aur’en og von av sine draumar, trur på skillingen og trøyster seg til Gud.»

Den arbeidskulturen som me no kallar «den jærske tyå», ligg i ryggmergen til mange jærbuar den dag i dag. Det er om å få arbeidet gjort før ein får lønna si, mat og litt kvile. Til det trengst styrke, stoltheit og overtyding, men òg støtte og anerkjenning frå andre rundt ein.

Som psykolog frå Jæren har eg lenge lurt på kva slags mental helse jærbuen har utvikla gjennom dette. Mykje tyder på at det er sunt å jobba tett på jord og dyr. Men er mentaliteten til jærbonden bra for den psykiske helsa? Eller er den tvert imot ein risikofaktor for vanhelse?

Mental vanhelse i bondeyrket

Kan den jærske mentaliteten – og i vidare forstand det gamle bondevitet med tilhøyrande arbeidsmoral – vera skadeleg? Det er nok ingen som vil vera ueinig i at det å flykta frå vanskane sine gjennom hardt arbeid over lang tid kan vera ein uting. Det å nedprioritere seg sjølv, å strekka seg lenger og lenger utan at ein kjenner etter på kreftene sine, eller spørja seg kva ein eigentleg vil med alt det ein driv på med, kan auka sjansen for å møta veggen.

Far til Arne Garborg, portrettert som Enok Hove i romanen «Fred», kan stå som kroneksempelet for mental vanhelse skapt av hardkøyr, i kombinasjon med religiøs fanatisme, pietisme, sosial isolasjon og stor dødsangst. Han mista garden sin, og tok sitt eige liv.

Også i dag er folk i bondeyrket utsett for store mentale belastningar. Mykje av dette kan skuldast høg, vedvarande arbeidsbelastning i kombinasjon med einsemd, lite sosial støtte frå omverda og ein uføreseieleg økonomisk situasjon.

Som bonde må ein som regel jobba frå tidleg til seint for lite, og ein må bere den økonomiske risikoen åleine. Jobben ein gjer er utsett for svingingar i natur og vêr, nokre få dagar med ekstremvêr kan øydeleggja avlinga for eit heilt år. Det ein då har investert i årets avling, får ein ikkje tilbake, og folk har mista millionar på ein dårleg sommar. Ikkje sjeldan får ein høyre om bønder som legg ned etter eit uår. Då forsvinn ikkje berre livsverket og garden, familien mistar også huset sitt og heimen sin gjennom generasjonar. Slikt påverkar den mentale helsa.

Som bonde i dag kan det vera tungt å investera for framtida, og det er vanskelegare og vanskelegare å få den nye generasjonar til å ta over. Gjelda stig, prisen på innsatsfaktorane skyt i vêret, men det ein får igjen for maten ein lagar, har stått stille i mange år. Lange arbeidsdagar gjer også at ein får mindre tid til det som er godt for den mentale helsa: Vera saman med barna og familien, ta eit avbrekk, koma seg vekk – til dømes dra på ferie for å leie tankane over på noko anna. Men kva tid skal ein som bonde ta seg tid og råd til det?

Dersom ein då i tillegg har krevjande familierelasjonar på toppen av det heile, går gjennom eit brot, er i konflikt med nokon eller mistar nokon ein er glad i, kan det vera det som får begeret til å renne over.

Bondekulturen har forma både det ytre og det indre landskapet på Jæren.

Bønder som yrkesgruppe er meir utsette enn andre yrkesgrupper for å utvikle mentale lidingar som angst, depresjon og rusmisbruk, og dei skårar dessverre høgt på sjølvmordsstatistikken. Som far til Arne Garborg kan skamma ved det å ikkje meistre livet bli for stor, og i fortvilinga har ein vanskar med å sjå ein anna utveg, – med den enorme tragedien det skapar for dei etterlatne.

Norsk Landbruksrådgiving har lenge vore bekymra for den psykiske helsa til bøndene i Noreg. Ein er også redd fordi bonden – og især mannen – ofte er ein taus og stolt skikkelse som er vand med å klara seg sjølv. Då kan vegen til å be om hjelp vera ekstra lang. Men nett det å setje ord på ting, korleis ein har det, for å snakke om kva ein går gjennom og bekymrar seg for saman med andre, kan vera godt for den mentale helsa. For det å bera på tunge ting åleine er ikkje bra. Å dele slikt med nokon kan kjennast overraskande godt og lettande, for det kan ofte vera støtte og aksept å få av andre.

Mi erfaring som psykolog er at det ikkje alltid treng vera så mykje som skal til før ein får det litt betre meg seg sjølv. Især om ein ikkje er så vand til å snakke frå før. Då kan utbyttet ved endeleg våga seg frampå vera ekstra stor. Sjølv om det kan vera vondt å ta tak i det som tynger.

God bondehelse

Det kan vera tungt å vera bonde. Men samstundes må ein ikkje gløyme at det er mykje godt og sunt som kjem frå bondekulturen. Også for den mentale helsa.

Eg hadde ein gong ein legekollega som sa følgande: Jo lenger sør på Jæren vedkomande jobba, dess mindre brukte folk smertestillande og vanedannande medisinar. Verst var det visstnok i dei borgarlege bydelane i Stavanger, og best sør i Hå. Om det er sant, eller berre noko vedkomande sa sidan eg var frå Jæren, veit eg ikkje. Men eg trur mange til ein viss grad vil kjenna seg igjen i det. For det dreier seg om viljen og krafta til å klare seg sjølv.

Då eg jobba i rusomsorga på Jæren, byrja eg å tenka på om «sunt bondevit» burde blitt klassifisert som ein viktig endringsfremmande faktor i behandlinga. Eg opplevde iallfall at mange av dei som hadde den gamle tyå i seg, ofte fekk «jobben gjort» når dei først hadde bestemt seg for å bli rusfrie. Dette gjeld nok ikkje berre rusproblem. Motivasjon og uthald er også viktige faktorar når ein jobbar seg ut av andre psykiske lidingar, som depresjon og angst. Ofte må ein djupt i seg sjølv og finne motivasjon til å bli betre, og ein må halda ut den tida det tek å koma seg. Her kan den jærske tyå mogleg vera hjelpsam, for er den ikkje nett det, ein historisk-kulturell, innlært praksis for å halde ut, for å motivere seg i motgang til å få ting gjort?

Ein slik mentalitet er sjølvsagt eit janusansikt, og feil måte å bruke dette på kan føra til vanhelse. Om ein til dømes brukar arbeidskrafta si til å dekkja over eller fornekta eigne kjensler og behov, kan det føre til at ein blir utbrend. Det nyttar sjeldan å tyne seg meir og meir, utan å ta omsyn til kroppen sin, eller til dei relasjonane ein har. Men dersom den jærske tyå blir brukt som ei indre kraft til å kjempe for å få det betre i dårlege tider, kan det vera og ein stor indre ressurs.

Eit felles gode

Bøndene har lyfta fjell og stein for å kultivera landet. Og dei lyftar framleis stein kvart år for å produsera mat til oss alle. Det er ein altruistisk dyd i dette – men også kimen til noko sjølvoppretthaldande. Mon tru om ikkje det litt sjølvoppofrande ved gardsarbeidet var enklare før, då «heile bygda» så å seia var involvert i jordbruket?

Frå gamalt av var det eit stort fellesskap knyta rundt matproduksjonen. Heile bygdesamfunn vart sette i sving under skuronna eller høyinga. No er bruka større og meir effektiviserte, men det gjer også at det er stadig færre som driv med jordbruk. Arbeidsfellesskapet til bonden er blitt mindre, og bygdekulturen rundt forsvinn. Det er eigentleg synd. Ikkje berre for bøndene, som har færre å dele erfaringane sin med, som blir meir einsame, overlatne til seg sjølve, og er overrepresenterte på statistikk for mentale lidingar. Men det er synd for oss alle. For resten av samfunnet – for det meste byfolk – mistar dermed også noko verdifullt som dei kunne teke i bruk for å betre si mentale helse: Ein arbeidskultur som stadfestar den større meininga av det å jobbe hardt, halde ut, tole smerta som ein treng å tole til det kjem betre tider.

Peter Strassegger

Psykolog, Solapsykologene

peter@solapsykologene.no

Denne teksten har først stått på trykk som kronikk i Stavanger Aftenblad.